Nokon kvar kjenner no på vemodet ved at nok ein sommar er over. Sjølv om hausten kan bli varm og fin, forlet sommaren oss no enten vi vil det eller ikkje. Då er det mykje trøyst i det hausten kan by på av smakfulle godsaker.
Akkurat no er det soppen eg har i tankane. Skogen er no full av sopp, i dei fleste fargar og fasongar. Nokre av desse er ypperleg mat og gjev oss heilt gratis både næring, pynt og smak.
Kantarellen har alt vore her ein stund, ofte kan vi finne han alt i juni. No har han teke heilt av og fyller tørre skråningar og store korger.
Steinsoppen har også funne det for godt å komme i år, med så mange eksemplar at det faktisk blir litt å ta med heim i korga etter at marken har teke sitt. Eg får lyst til å ta fram tørkeapparatet som har fått kvile frå soppen i fleire år. Samtidig som kjellaren fyllest av ei umiskjenneleg lukt, som dessverre kan minna litt om sure sokkar, produserer eg lekre, tørre og smakfulle bitar av denne matskatten, til bruk andre haustar som ikkje er så gavmilde.
Desse to er så sikre at eg etter mange års erfaring ikkje treng å ha med soppboka ut på tur. Men det må du gjere om du er nybegynnar!
Les før du går ut, ta med boka, samanlikn bilete og vurder kjenneteikn. Ver sikker på at alt du legg i korga i 100 % sikkert. Har du tilgang til ein soppkontrollør, kan du ta med heile korga og få fangsten sjekka. Så er det lykke til på kjøkkenet og god appetitt!
Ein favoritt heime hos oss er kantarell surra raskt i smør med salt og pepar, på ei skive rista godt brød. Etter mi meining blir denne vesle enkle kvelds – eller lunsjretten heva endå nokre hakk om du har oppi litt hakka kvitløk og fersk bladpersille.
Og ettersom eg nettopp leste vinskribent Ingvild Tennfjord si anbefaling av sommarminne til å ha i glaset, slår eg til med ei enno uprøvd vinanbefaling til akkurat denne retten: Terramaia Rosso Toscano. Eit anna godt val ville vere vår lokale økologiske Balholm cider. Seinsommarkvelden på altanen er sikra.