Eksklusive aprikosar

  Å bu i ein fruktbar del av landet, med eit klima som er særs godt eigna for fruktdyrking, gjer det spanande å prøva andre fruktsortar enn dei tradisjonelle.

For meg betyr det noko heilt spesielt når aprikostreet utanfor soveromsvinuduet, blømer i solveggen tidlig på våren, alt før dei første plomekvistane kvitnar. At det blømer tidlig er sjølvsagt ikkje berre av det gode, det bør helst ikkje vera tidlegare enn at humlene og biene vågar seg ut for å hjelpa til med pollineringa. Men uansett opplever eg det som ein liten tjuvstart på våren.

Kva som gjekk gale denne våren veit eg ikkje, men sikkert er det at berre nokre få frukter er blitt modne. Dei bør sjølvsagt plukkast med andakt og brukast i ein eksklusiv dessert.

Eg kokar ein sukkerlake med vaniljestang, tar kjernen ut av aprikosane og lar dei halve fruktene trekkja til dei såvidt er møyre. Litt iskrem eller piska fløyte passar godt til.  Skal det vere ordenlig fest, kan ein sjokoladesuffle vera eit godt følgje.

dsc03861