Plommer, plommer, plommer

På ein varm og god tidleg haustdag gjeld det å finna balansen mellom utetid i sola og kjøkkentid. Enklare enn denne desserten kan det knapt gjerast. Inspirasjonen er den franske clafoutis, der ei røre av egg, sukker,  mjøl og mjølk vert hellt over kirsebær før baking i ovn. Eg har bytt kveitemjølet ut med mandelmjøl, mandelsmaken er perfekt til mange slag frukt og bær, også plommer. Og i botn sjølvsagt plommer, i dag Victoria fordi det nett no bognar av dei. Det går kjapt å dele plommene, ta ut steinen og legge dei med skjereflata ned i den smurte forma. Sjå fullstendig oppskrift her

 

dsc03891-2

Advertisements