Tid for bønner

I butikken er bønner tilgjengelege heile året; tørka, frosne eller ferske. Ofte kjem dei langvegsfrå. Har ein litt plass i hagen, er dei relativt takknemlege å dyrka sjølv og i vårt klima er dei på sitt beste no på ettersommaren og utover hausten,  i den grøne utgava sjølvsagt.

 Min favoritt mellom bønner er den nyreforma bondebønna, som faktisk ikkje er ei bønne, men tilhøyrer erteblomstfamilien. Eg tar ho med her fordi ho er så god og fordi ho til vanleg blir omtala saman med bønnene. Som vanlege bønner tilhøyrer ho belgfruktene. Ho er også svært lite tilgjengeleg, så eg ser det som mi oppgåve å gjera ho litt meir kjent, slik at ho kanskje  kjem på marknaden også her heime. Og så er vi jo inne i det internasjonale belgfruktåret 2016.

Til å begynne med prøver eg å dyrka litt bondebønner sjølv, erfaringa i år var at eg må starta endå tidlegare og kanskje hjelpe på med litt drivhusklima når sommaren ikkje slår til.

Bønner er nesten for gode til å vera sanne. Dei krev lite av veksestaden og dei gjev tilbake viktige næringstoff til jorda berre gjennom  å vera der. Dei inneheld  store mengder protein, noko som gjer dei viktige som supplement til og aller helst som erstatning for mykje av det kjøttet vi et. Dei er verdifulle både som ferske og tørka og sist, men ikkje minst – dei smakar godt. Så derfor – la bønnene bli ein del av vårt daglege brød!

Ein rask og mettande rett med bønner finn du her

Dei grønne bønnene må varmebehandlast før ein et dei, dette kan gjerne skje rett på panna i litt olje eller godt smør. Dei kan godt blandast med andre grønsaker og litt hakka løk eller kvitløk, gjerne skvis litt sitronsaft over også, før du serverer dei som tilbehør til kjøt – eller  fiskemiddagen.  Dersom ein planlegg eit kjøtfritt måltid, er dei sjølvskrivne og dei kan inngå i både varme og kalde salatar. Ønskjer du den reine bønnesmaken, kan dei kokast raskt i lettsalta vatn før dei blir avkjølt raskt i isvatn og brukt seinare til det du måtte ønskja.

Bondebønnene krev litt meir jobb, dei må først ut av belgen som ikkje er etande. Så har dei eit tynt skinn utenpå kvar bønne, som lettast går av etter forvelling. Men det er altså vel verdt det vesle strevet.

dsc04014