No er dei her, dei svartglinsande hyllebæra som både ut frå folkemedisinen og nyare forsking skal vere helsebringande. Som styrkande middel for å unngå eller behandla forkjøling og influensa er det iallfall lite å tape på å ha ei flaske i hyllebærsaft i huset. No finst safta som kosttilskot frå ein norsk produsent i Sogn: Frøy Svarthyll. Til alt overmål er denne økologisk, ikkje tilsett sukker og smakar godt!
Å bevara fullt ut dei helsebringande stoffa, krev sjølvsagt svært skånsam behandling. Men litt av det gode får vi nok i oss også om vi lagar til hyllebæra sjølv. For dei har absolutt sin plass i kosthaldet som basis for smakfull saft, gele, kompottar og sausar. Den enklaste måten å bruka dei er å ha dei saman med andre bær når ein lagar saft.
I rå form bør ein vere litt forsiktig med å ete bæra, kjernane innheld små mengder av eit giftstoff som forsvinn ved tørking og koking.
Mange har svarthyll i hagen til pryd og nytte, den finst også viltveksande i store delar av landet. Så her er det fritt fram for alle som har lyst til å prøve seg. Her er ei enkel oppskrift som du kan starte med: