Bær i honningkaramell

Ein enkel, men utruleg smakfull dessert som passar godt på ettersommaren med mange sortar bær i skog og hage. Bær frå frysaren som får tina forsiktig, trivst også i selskap med ein smak av honning, fløyte og gode krydder. Bringebær, bjørnebær og rips er då anbefalinga.

Til 10  porsjonar

  • 6 dl kremfløyte
  • 4 ss honning
  • kanelstang, vaniljestang, stjerneanis
  • ca 800 g friske blåbær, bjørnebær

Kok inn fløyten saman med honning og krydder, til ca 2/3 . Hell over friske bær og server slik , eller gratiner raskt i ovnen under grillen. Ei skei piska fløyte kan leggast på før gratinering om ein ønskjer det.