Carpaccio av røykt aure eller laks

Her kan både røykt laks og aure brukast, vi brukar den beste vi får tak i lokalt. Det er ein fordel om fisken er litt tørr og fast. Dette er ein forrett eller tapasrett som passar det meste av året. Har ein tilgang på friske urter er den sjølvsagt best og når den fine nye grasløken har strekt seg nokre centimeter passar det godt å feire han på denne måten.

Til ca 10 personar

  • ca 50 g aure/laks pr person
  • 3/4 dl limesaft, ca 2 store lime
  • 1,5 dl god olivenolje
  • 100 g  parmesan
  • 1 bunt grasløk
  • 1 glas kapers
  • fingersalt
  • grovkverna pepar
  • Pass på at lime og olivenolje har same temperatur. Visp safta inn i olja, slik at du får ei litt tjukk blanding, ein emulsjon. Rasp parmesanen, hell laken av kapersen, klipp grasløken fint.
  • Legg tynne skiver av aure/laks utover tallerken, dryss over salt, pepar, kapers, parmesan, grasøk og fordel til slutt olje/limeblandinga på og rundt fisken. Server med godt flatbrød og ein god kvitvin som Sancerre eller anna vin basert på druesorten Sauvignon Blanc.
Advertisements