Gluten – og mjølkefrie krumkaker

Desse krumkakene er like gode som dei «vanlege», det heilt unødvendig å laga to sortar. Om du då ikkje er av den typen som er veldig nøye med kor tynne dei er og at fargen er aldeles jamn over det heile. Det kan nok vera ørlite lettare å få dei perfekte på gamlemåten med kveitemjøl, men det er iallfall ikkje noko eg er oppteken av. Krumkaker er heller ikkje berre  julekaker, slik vi no oppfattar dei. Tradisjonelt har det vore kaker ein kunne ha heile året. Med ein god kremdessert eller noko hermetisk frukt med ein kremdott, passar desse sprø og knasande kakene på ein heilt vanleg søndag.

Her er oppskrifta:

  • 2 egg
  • 1 kopp sukker ( ca 1,2 dl)
  • 1 kopp smelta mjølkefritt margarin
  • 1 kopp glutenfritt mjøl
  • 1 kopp potetmjøl
  • 1/2 kopp vatn
  • Pisk egg og sukker til eggedosis. Tilsett smelta smør, mjøl og vatn. Hell ei spiseskei røre i det varme krumkakejernet. Form krumkakene til kremmarhus med ei krumkakeklype eller til skåler ved å legge dei over eit glas eller ein kopp.