Panna cotta

Ofte er det lurt å henta inspirasjon utanfrå. Denne klassiske desserten kunne godt vore norsk, av og til let vi som han er det og kallar han fløytepudding. Men han stammar frå Italia og namnet betyr kokt fløyte. Med litt sukker, sitron og vanilje blir «kokt fløyte» utruleg godt. Prøv han med ei god flaske raud dessertvin, type  Recioto. Garantert suksess rundt bordet.

  • 10 dl fløyte
  • 120 g sukker
  • 2 sitroner, helst økologiske
  • 1 vaniljestang eller 1/2 ts vaniljepulver eller 2 ts ekte vaniljesukker
  • 5 plater gelatin

Legg gelatinplatene i kaldt vatn i 5-10 minutt. Vask sitronene godt og riv skalet fint. Varm forsiktig opp fløyte, sukker og vanilje og la det trekkje nokre minuttar på kokepunktet. Tilset den bløytte gelatinen og sitronskalet. Trekk kjelen av plata, la gelatinen smelte og sitronskalet trekkje med nokre minutt uten koking. Sil og fordel i porsjonsformer eller ei større skål. Avkjøl og la desserten stå 4-5 timar eller over natta i kjøleskap. Server som han er eller saman med det du har lyst på av frukt eller bær.

Du kan laga desserten med mindre gelatin enn oppskrifta seier, det kjem litt an på kor lang tid du har til avkjølinga og kor fast du likar han.

Advertisements