Ein sikker vinnar som avslutning på måltidet! Her blir han laga med stjerneanis som smakstilsetjing og avkjølt heilt før servering. Det beste er då å gje han eit lite dryss av uraffinert sukker og la han få nokre minutt under grillen før servering. Men pass på, grensa mellom passe og litt for mykje grilla er hårfin!
Til 10-12 personar
- 500 g melk
- 500 g fløyte
- 200 g sukker
- 4-5 stk heil stjerneanis
- 240 g eggeplomme = ca 12 eggeplommer
- Varm mjølk, fløyte, sukker og stjerneanis opp til kokepunktet og ta av plata.
- Pisk lett saman eggeplommene.
- Hell den varme fløyteblandinga i egga under kraftig røring. La stå ei stund før siling og fordeling i porsjonsformer. La stivne i ovn på 100 grader i ca 1t 15 min, eller på 90 grader i varmluftsovn i ca 45 minutt .
- Avkjøl. Grill med uraffinert sukker før servering.
Tips: I denne oppskrifta er det viktig å vege ingrediensane. Det er forskjell på storleiken på eggeplommer, og for å få den perfekte konsistensen og smaken på denne desserten, må det vere rett forhold mellom mjølk, fløyte og eggeplommer.
Tips: Oppskrifta er berekna på små porsjonsformer som tek ca 2 dl. Det er lett å tilpasse oppskrifta til andre porsjonar. Skal du berre lage til familien eller eit mindre antal gjester kan du halvere oppskrifta. Til 5-6 porsjonar reknar du 250 g melk, 250 g fløyte, 100 g sukker og 6 eggeplommer.