Hylleblomsaft

Ein fin dag midt på sommaren, gjerne i byrjinga av juli, kan du henta inn sommarsmak til resten av året. Dette er ikkje eigentleg ei saft, meir ein krydra sirup som har henta smaken sin frå dei blomsterskjermane  til hyllen. Dersom du blandar denne sirupen med vatn, får du ein lett og sommarleg drikk. Tilset du vatn med bobler blir det endå meir festleg. Og du kan bruka denne sirupen til å setja smak på andre ting, for eksempel er kombinasjon av rabarbra og hyll ein sikker vinnar.

  • 50 hylleblomskjermar
  • 2 kg sukker
  • 2 l vatn
  • 4 økologiske sitroner
  • 1 pk sitronsyre
  • Klipp mest mogeleg av det grøne av skjermane og legg dei i ei stor skål som toler varme.
  • Kok vatn og sukker til sukkerlake.
  • Skjer sitronene i skiver og legg dei saman med hylleblomane, dryss over sitronsyra.
  • Hell over den kokande laken. La alt bli kaldt og sett i kjøleskap i ca 3 døgn.
  • Sil og hell safta i frysebeger.

One Comment

Kommentarfeltet er stengt.