Kirsebærlikør

Å la årstidene styra deg i matvegen betyr å vera både til stades her og no og å tenkja framover. På ettersommaren og tidleg på hausten er vi velsigna med ei overflod frå naturen sitt skattkammer og det er ikkje lett å rekka over alt. Då er det godt å ha enkle ting å ty til, som ikkje krev timevis på kjøkkenet. Dette er ei slik oppskrift. Samtidig må du her ha tolmod til å vente nokre månader før du kan smaka. Men nokre ting er verd å vente på. Som smaken av sommar i februar.

  • 1 kg kirsebær
  • 400 g sukker
  • ca 1 flaske 45% brennevin (så mykje at det dekkar frukta)
  • 1 vaniljestang
  • Legg frukta i eit glas, lagvis med sukkeret. Hell alkoholen over og putt vaniljestanga oppi. Sett på tett lok. Rist på glaset innimellom, til sukkeret er oppløyst.
  • La stå i 3- 4 månader på ein mørk og kjøleg plass.