Ein enkel smårett som også fungerer som ein middagsrett utan kjøt. Med protein frå egga er dette eit fullverdig måltid. Ein kan sjølvsagt laga omelett med alle slag fyll, også sopp frå butikken, men det er lite som slår sjølvplukka fersk skogsopp. Det er best å surra soppen litt på panna saman med smør eller olje, litt løk og evt kvitløk og legge til side medan ein lagar omeletten. God appetitt!
- 2 egg pr porsjon
- 1 ss vatn pr egg
- salt, pepar
- 1 dl reinsa skogsopp pr porsjon
- 1/2 løk
- evt et fedd kvitløk
- smør eller olje til steiking
- Visp saman egget med vatn, salt og pepar
- Steik i varm panne, løft på blandinga til alt er stivna. Skyv omeletten over på eit fat og brett han i to eller fire.