Når ungdommane i POW går føre med eit så godt eksempel, er det på sin plass at vi vaksne følgjer etter. Denne veka i februar er det ekstra fokus på å ete mindre kjøt og meir grønsaker. Faktisk er vi utfordra på å laga alle middagar utan kjøt! Det fine med dette initiativet er at det gjer oss meir bevisste på korleis det vi et påverkar verda rundt oss. I tillegg et vi både sunnare og billegare når vi vel vegetabilsk protein framfor kjøt. Dersom du går inn her, vil du få oppskrifter til kvar dag heile veka.
Her hos meg får du foreløpig denne:
Linsegryte med polenta
Til 4 personar
- 2 fedd kvitløk
- 1 stor løk
- 100 g fersk , evt litt knust tørka sopp
- 1 ss paprikapulver
- 400 g hermetiske tomater
- 2 ss tomatpure
- 5 dl vatn
- 4 gulrot
- ca 100 g sellerirot
- ca 1 ss timian, basilikum og oregano
- 200 g grønne linser, helst Puy
- 1/2 chili
- olivenolje til surring
Polenta:
- 120 g polenta
- 4 deler vatn til 1 del polenta
- ca 50 g smør
- ca 40 g parmesan
Hakk kvitløk og løk, surr saman med urtene og soppen i olivenolja. Skjær grønsakene fint og ha dei i. Tilset hermetiske tomater, tomatpurè og paprikapulver. Ha i vatnet og kok opp. Kok opp linsene i rikelig vatn og hell av vatnet. Tilset grønsakene og linsene. La chilien ligge heil på toppen. Kok til alt er mørt, ca 1/2 time.
Kok opp vatn til polentaen, hell i under visping og visp/rør i 4 minutt. La polentaen stå og svelle i 2 minutt. Rør så inn smøret og den rivne parmesanen. Smak til med salt, evt meir smør og parmesan. Polentaen skal ha konsistens som ein lett graut.
Legg ei skei polenta i tallerken og aus linsegryta over.