Litt overdrive kanskje, men ikkje mykje. Jordskokken kan hentast opp heile vinteren igjennom så lenge jorda ikkje er altfor frosen. Han toler kulden og beheld både smak og konsistens på ein framifrå måte. Det er kjærkomme no etter ein lang vinter og medan det endå er langt til vår, iallfall når det gjeld ferske grønsaker. Han er og lite kravstor når det gjeld veksttilhøve, det trengst berre at du puttar nokre knollar i jorda og dreg dei opp frå seinhausten og utover.
Den nøtteaktige, lett søte smaken kjem til sin rett med mange tillagingsmetodar. I dag tenkjer eg det passar med suppe, den kalde vinden gjer at dei tidlege solstrålane ikkje nett kjennest varme, så ei rykande varm suppe gjer godt i kropp og sjel.
Men du kan og laga ein mos av jordskokken saman med litt smør og fløyte, det passar godt til alle slag kjøt. Eller ein stuing der bitar av jordskokken trekkjer seg møyre i ei blanding av fløyte og mjølk, same prinsippet som når ein lagar fløytepoteter.
Fleire oppskrifter med denne fine knollen vil komma etter kvart, inntil vidare kan du la deg varma av :
Jordskokksuppe
Til 10 personar som forrett
- 1 kg jordskokk
- 1 l lys kraft, f eks hønsekraft, grønsakkraft eller buljong
- 1 l fløyte
- salt
- evt litt sitronsaft
Skrell jordskokken og skjer i bitar. La han ligge i kaldt vatn til han skal i gryta, slik at han ikkje mørknar. Kok jordskokken i kraft eller buljong til han er møyr, det tek ca 1/2 time. Tilset fløyten og kjør suppa glatt. Smak til med salt . Du kan og smaka til med ørlite sitronsaft. Pynt med friske urter om du har og litt olivenolje. Server med nybakt brød til.
One Comment
Kommentarfeltet er stengt.