Bærsalat

Etter at dei siste lagringsepla  har takka for seg og rabarbraen enno ikkje har komme seg opp av vinterdvalen, er det lite å henta ute av friskt følgje til desserten. Kanskje du heller ikkje har fått hermetisert noko i haust. Då har eg dette tipset om du vil servera noko søtt og friskt, saman med iskrem, panna cotta eller ei skei vispa krem:
Bærsalat
Til 10 personar
  • ca 1 kg frosne bær – bringebær, bjørnebær, rips, evt skogsbærblanding
  • 400 g jordbær, tinte
  • 200* g sukker pr l vatn
  • 1 l vatn
  • 1 kanelstang
  • 3-4 stjerneanis
  • 1 vaniljestang, splitta
  • evt lakrisstang, ein bit på ca 1 cm 
  • evt 1 pasjonsfrukt 
Kok lake av 1 l vatn og 200 g sukker. Tilsett heile krydder, skrap ut frøa av vaniljestanga og ha alt i laken. La det trekke til laken har god kryddersmak. Mos jordbæra med sukkerlaken slik at det blir ein saus. Hell laken over dei frosne bæra og la stå i romtemperatur til bæra er tinte. Skrap evt innhaldet ut av ei pasjonsfrukt og hell safta i laken. Om du vil, kan du ha i kjernane også, dei er dekorative, men vil knase når ein tygg dei.
*Sukkermengda er ei smakssak. Det kan godt vere du vil ha laken søtare, det finn du ut når du smakar etter at kryddera har kokt med ei stund. Dersom du brukar uraffinert sukker, Demerara, vert laken endå betre. Du kan og erstatta sukkeret med kokosblomstsukker i same mengdeforhold.
Tips:
Du kan  helle den kokande sukkerlaken over bæra og så tilsetje dei moste jordbæra når alt er tint. Då går det fortare å få alt ferdig.
Lakrisstang eller reglisse kan du kjøpa på apoteket. Den løyser seg opp når den får koka med laken ei stund.
Pasjonsfrukta er her brukt som krydder, den set ein fin og eksotisk smak på bærsalaten som passar godt med våre heimlege bærsmakar. Du kan byta pasjonsfrukta ut med ein liten neve tindvedbær. Press ut safta av tindvedbæra og hell i laken. Obs at begge desse har kraftig smak og må brukast forsiktig om dei ikkje skal dominere for mykje.