Eit paradis for matelskarar og den som syns våren heime kjem litt seint i gong. Her er råvarene me her heime berre kan drøyma om lenge enno, hvis me i det heile får tak i dei ; artisjokk, fennikel, fine små squash, solmodne tomatar for å nevna nokre. Aspargesen og bondebønnene var alt etne opp då bildet vart teke.
I ein liten landsby med ca 200 innbyggarar held dei seg med ein svært så innhaldsrik «bottega» der innehavaren set si ære i at det meste skal vera lokalt og aller helst økologisk. Så tidleg på året kjem ein del av varene frå traktene rundt Roma eller så langt sør som Sicilia også. Altså eit funn for over gjennomsnittet matinteresserte og lett solhungrige nordmenn. Her er det berre å fylla opp handleposane, sjølvsagt laga av komposterbar mais og ikkje plast som her heime, og legga i veg opp dei bratte bakkane i den idylliske, freda landsbyen Montemagno. Her ventar kjøkkenet og den solfylte uteplassen på heimelaga kortreist lunsj, eller fire rettars middag med solnedgangen som bakgrunn. Dette er opplevingar som varmar og gjer godt på mange måtar etter ein lang vinter og eg kjem til å dvela ved og dela desse i passe porsjonar framover. Nokre av opplevingane skal eg prøva å gjenskapa her heime, slik at det blir litt oppskrifter ut av det òg.