Mat ute i Toscana

I den samme vesle landsbyen har dei også  ein «trattoria» som er open til middag kvar kveld og til lunsj kvar søndag. Her blir det fullt, ein må bestilla bord for å vera sikra plass. Dette er ein uformell og enkelt innreidd spisestad der maten er det einaste som er i fokus. Husets vin held høg kvalitet og vert servert i kjøkkenglas. Maten er laga frå botn av og med råvarer henta frå området og sjølvsagt frå årstida me er inne i. Her kan ein velja mellom tre- fire forrettar og fire-fem hovudrettar. Råvarer som artisjokk og spinat er sjølvsagde på denne tida og som ein smak før hovudmåltidet blir det servert god skinke, ost, oliven og små porsjonar av til dømes ein urteomelett. Fleire supper var mellom forrettane, mellom anna denne med kikerter og pasta, nydelig smakt til med gulrot og ingefær. Ein annan genialt enkel rett var risotto med spinat og geitost, laga på den spesielle storkorna risen  «carnaroli». Her heime tenkjer eg å prøva den med den litt vanligare risottorisen «arborio» og trur nok kremosten Snøfrisk vil passa godt.

Ein busstur unna ligg Pisa, som har meir å by på enn det skeive tårnet. Ein kaffistopp med «gelato» resulterte også i denne opplevinga av ei sitronterte. Her skal det prøvast ut ein heimevariant, det er ofte økologiske sitroner å få i butikkane og dersom ein til dømes lagar panna cotta og berre brukar sitronskalet, er det veldig greitt å kunna bruka resten av sitrona til sitronkrem i denne freistinga av ei kake. Følg med!