SMAK olivenolje

Ein av mange matrelaterte aktivitetar i det solfylte, vårlege Pisaområdet, er eit besøk på ein olivengard. Rett nedom landsbyen Montemagno, finn vi eit flott eksemplar av sorten. Og det kan seiast med ein gong –  det er store forskjellar på olivenolje –  både i innhald og  smak. Grad av syre og innhaldet av polyfenolar  – dei kjemiske plantestoffa som er bra å få i seg for å halda kroppen frisk – kan vi gjerne ikkje fastslå berre ved smaking. Men at olja smakar friskt, litt pepperaktig og med eint hint av mandel,  klarer sjølv nybegynnarar som oss å kjenna tydeleg.  Og dette har dessverre lite til felles med dei flaskene vi oftast får tak i på butikken heime.

På denne garden, Papa Nicoletta, har dei olje frå oliven som er dyrka økologisk og har vunne  prisar både for smak og samansetjing. Skal du kjøpa med deg litt heim, tappar dei rett frå tanken, fersk olje rett i ei flott metallkanne som tek vare på olja best mogeleg både under transporten og etter at du er kommen heim.

untitled-04310

 

Men før du bestemmer deg for å kjøpa, får du orientering på ei velvillig og sjarmerande blanding av engelsk og italiensk. Du får ein liten kopp med olje og instruksar om korleis smakinga foregår, omtrent slik som med vinsmaking. Ikkje for stor slurk, og du må halde olja i munnen medan du «supar» inn luft.  Og til slutt får du eit fat med ferskt, mjukt kvitt brød til å dyppa i olja. Mmmm..

Vel heime kan du ete ferske artisjokkar, dyppa i denne ferske gode olja og med litt salt til. Eller du kan helle olja over solmodne tomatar i skiver, med mozarellaost og basilikum. Uansett – nyt!

 

18120141_1432188286804500_1306148440_o