Nyt våren – med rabarbra

Korleis lage noko godt med rabarbra og samtidig nyte ein fantastisk vårdag ute? Jo, du ventar til sola nesten har gått ned, tek denne superenkle smuldredeigen og lagar ein smuldrepai med rabarbra.

Oppskrifta er sterkt inspirert av ein god kollega, men som vanleg må eg fiksa litt på oppskriftene sjøl. Eg hadde ikkje brunt sukker som eg hadde mest lyst på, derimot hadde eg litt kokosblomstsukker, noko som gjer paien litt meir spennande i smaken, og litt sunnare faktisk. Men originalen er med vanlig kvitt sukker, så berre kjør på om det er det du har i skuffa.

Eg likar også å bruka spelt når eg har, men sjølvsagt fungerer kveitemjøl like bra. Smør er smør og havregryna er også med i originalen.

Det kan vera lurt å dryssa litt sukker over rabarbraen i forma og gjerne litt vanilje hvis du har. Vaniljen er også med å balansera den syrlege smaken, slik at du kan bruka mindre sukker.

Her kjem oppskrifta

  • 100  g smelta smør
  • 100 g fin spelt eller kveitemjøl
  • 100 g brunt sukker, kokosblomstsukker eller vanleg sukker
  • 100  g havregryn
  • ca 3 – 400 g rabarbra i fine bitar (3-4 fine stilkar)
  • 2-3 ss sukker
  • 1 ts vaniljesukker eller eit lite dryss rein vanilje
  • Bland alt til deigen saman.
  • Legg rabarbraen i ei smurt paiform, dryss sukker og vanilje over.
  • Fordel smuldredeigen over og set i ovnen.
  • Steik på 200 grader i ca 30 minutt.

Enklare blir det ikkje. Bortsett frå steikinga, er alt gjort på 15 minutt, inkludert å ta ein tur ut i hagen og hente rabarbra.

Tips: Det fine med denne oppskrifta er at du kan byte ut det meste og tilpasse til alle slag allergiar og intoleransar. For eksempel fungerer glutenfritt mjøl og mjølkefritt «smør» ,  fint i denne oppskrifta. Paien inneheld heller ikkje egg.

Og alt etter smak kan du servera med piska krem, vaniljekesam eller tjukk tyrkisk yoghurt. Vaniljeiskrem vil også passa veldig godt til. Nyt våren!

Advertisements