I dag fekk eg lyst til å henta fram ein tradisjonsdessert som prisar både våren og nasjonaldagen vår. Eg fann oppskrifta under arbeidet med Ta Kaka, i ei kokebok mamma hadde på husmorskulen tidleg på 50 – talet. Eg vil tru at desserten vart til nettopp i gleda over at våren kjem med ferske smakar og at landet vårt hadde blitt fritt etter mange år med krig. Desserten har iallfall fått navnet Grunnlovsdessert , og inneheld råvarer som på den tida enno var å rekna som luksus. Sukker, egg, fløyte, vanilje, mandlar…ingenting av dette var kvardagskost. Berre rabarbraen var gratis, den hadde ein til gjengjeld ofte i mengder i hagane.
Eg har her laga ein enkel vaniljekrem, det tek faktisk ikkje lang tid, og i dag har vi ofte desse råvarene i huset, iallfall rundt festdagane i mai. Men det er sjølvsagt ingenting i veien for å kjøpa ein god, ferdiglaga vaniljekrem.
Til dessert til 4 personar treng du:
Vaniljekrem
- 3 eggeplommer
- 1 ss maizena
- 2,5 dl fløyte, evt halvparten H-mjølk
- 45 g sukker
- 1 ts ekte vaniljesukker eller ei vaniljestang
- Bland eggeplommene med maizena i ein bolle. Splitt og skrap ut frøa på vaniljestanga og ha både frø og stang i fløyten. Kok opp fløyten/fløytemjølka med sukkeret og vaniljen. Hell kokande fløyte over eggeplomme/maizenablandinga, mens du vispar godt. Hell blandinga tilbake i kjelen gjennom ein sil. Varm opp på svak varme under visping, la kremen tjukne medan du vispar heile tida.
- Avkjøl kremen og bland i 1 dl fløyte som du har stivpiska.
Rabarbrakompott
- 200 g sukker
- 3 dl vatn
- ca 700 g rabarbra
- evt mandelflak eller hakka mandlar
- Kok sukkerlake. Rens og vask rabarbra, skjær i fine stykke. La dei trekke knapt møre i sukkerlaken. Obs – det går veldig fort! Ta dei utav sukkerlaken og legg til sides. Kok inn sukkerlaken til du synes han er passe søt og tjukk.
Før servering og når alt er avkjølt, legg du kremen i botn av ei fin skål, legg rabarbraen oppå og heller rabarbrasausen over. Evt kan du dryssa over hakka mandlar eller mandelflak. Server raskt, før sausen blandar seg for mykje med kremen.