If you can’t beat it – eat it! Eller vårsuppe med ville vekstar

No går våren så fort fram at eg har problem med å følgje med. Alt det grøne som nettopp spirte, er no i ferd med å ta heilt av. Dette gjeld både spesielt inviterte og mindre velkomne grøne gjester i hagen.  Nesla er ein av dei vekstane som har eit dårleg rykte, men som godt kan nyttast på ein svært så positiv måte. Rett nok bør du ikkje ha direkte kontakt utan hanskar, men planta i seg sjølv er full av gode eigenskapar som me godt kan setja pris på sjølv om me i dag kan eta kva me vil. Den er proppfull av vitaminer og mineraler som kroppen kan trenge påfyll av etter ein lang vinter. Dersom ein plukkar unge skudd, forveller dei raskt i kokande vatn og hakkar lett, er dei klar for gryta. Etter denne behandlinga kan dei òg frysast til bruk seinare på året. Sjølve neslesmaken er svært mild, så for å gje suppa litt meir karakter, pleier eg å ha i litt løpstikke. Men det går fint å laga suppa utan også. Eller kvifor ikkje prøve med litt skvallerkål? Den er svært aromatisk og du treng berre ein liten stilk eller to . For begge desse plantene gjeld det at vi brukar dei ferske små skota, ikkje utvaksne planter. For nesla sin del, betyr det at du no lyt litt opp i høgda for å finne unge, små, saftige og kraftige skudd.

Til 4 personar

  • 1/2 ss smør eller olje
  • 1 finhakka løk
  • ca 2 l nesleskudd som tilsvarer ca 200 g forvella nesle
  • evt ein liten stilk løpstikke eller  anna aromatisk grønt
  • 6 dl hønsekraft, hønsebuljong eller grønsakbuljong
  • 6 dl fløyte
  • Hakk løk og forvella nesle grovt. Surr løk og nesle i litt smør eller olje, tilset kraft og la koke ca 10 minutt. Tilset fløyte og kjør med stavmiksar til suppa er jevn. La suppa få eit oppkok og smak til. Server gjerne med eit dryss av  grasløk og nokre dropar fin olivenolje.

 

Tips: Denne suppa finst og i ein festvariant, servert på Henjatunet Gardsrestaurant ved ulike høve.

Tips: Hvis du vil ha ei fyldigare suppe, kan du la eit par poteter i  bitar koke med urtene. Suppa kan og jevnast med maizena, med kveitemjølsjevning eller med eggeplommer.