I slutten av mai og utover mot jonsok, er det sesong for norsk asparges. Det er berre desse få vekene, så det gjeld å vere om seg. Etterkvart som etterspørselen aukar, blir nok også produksjonen større, slik at folk i heile landet får nyte denne smakfulle og næringsrike grønsaken. Asparges er nemleg ein av mine yndlingsgrønsaker. Til dei grader at eg i fjor gjekk til innkjøp av frø og sådde mine eigne. Det er ei tolmodighetsprøve, dei er først klare til å haustast etter tre år. Til gjengjeld kan eg ha glede av dei i 15 – 20 år framover om eg steller fint med dei. Så det var høgtid då eg konstaterte at 10 av 12 planter hadde overlevd den første vinteren.
Foreløpig har eg ikkje funne den norske aspargesen i butikkar nær meg, men eg har ikkje heilt klart å dy meg, så det har blitt nokre buntar italiensk asparges i staden. Ved å fylla på med heilnorske smakar, meiner eg å kunne forsvara det. Derfor blir det både ramsløk, norsk spekeskinke og kvit geitost på tallerken saman med aspargesen i denne vesle retten, som kan vera ein lekker forrett eller ein enkel lunsj – eller kveldsrett. Med ein god vin til, kan du trygt servera denne til gjestene dine.
Til 3-4 personar treng du:
- ein bunt tynne, fine asparges
- ein pakke Birkebeiner spekeskinke eller anna god norsk skinke
- litt ferskt grønt, som vårsalat, ruccola eller liknande
- kvit geitost eller parmesan
- ramsløk i olje eller aller helst fersk
- evt litt Maldonsalt hvis skinka ikkje er for salt
- grovkverna pepar
- god olivenolje
Slik gjer du:
- Legg skinke fint ut over tallerkane.
- Grill eller steik aspargesen lett på steikepanna til han får litt farge og fordel på tallerkane. Legg «dråpar» av ramsløk rundt skinka, høvle geitost fint over.
- Dander det grøne så det heile ser innbydande ut.
Kva vin kan ein servere til ein rett som inneheld asparges?
Både kvite vinar og rosévinar kan anbefalast til denne retten. Det vanlegaste er nok å servere kvitvin til asparges, gjerne av drua Sauvignon Blanc. På denne tida av året har eg likevel ein forkjærlighet for rosèvinar, det er også godt utval av dei akkurat no. Rosèvinen Aroa Larossa 2016, kan trygt drikkast til dette vesle måltidet. Dersom du ikkje får tak i denne, den må sannsynlegvis bestillast, er det mange andre rosèvinar ei hyllene akkurat no som heilt sikkert vil gje deg ei fin stund på altanen, med eller utan asparges.
Tips: Ramsløken har sesong no samtidig med den norske aspargesen, i slutten av mai og litt utover i juni. Den veks vilt over store delar av Vestlandet og kan også dyrkast i urtehagen.
Tips: Har du tilgang til fersk ramsløk, hakkar du eller kjører den saman med litt god olivenolje og salt. Hvis ikkje brukar du dei fine små glasa frå Nøring.
Tips: Kvit geitost frå Underdal eller Tysnes er mitt førstevalg her. Men parmesan fungerer òg godt.