Lettvint og allergivennlig jordbærkake

on

Her får du oppskrifta på ei lettvint og allergivennleg jordbærkake,  som vart til ein regnfull sommarettermiddag med godtesjuke ungdommar i huset.

Sjølv kunne eg òg tenkja meg noko godt, men helst av det litt sunnare slaget. Ein runde i skuffer og skap viste at dette skulle vera mulig. Og med litt ferske jordbær frå hagen, slapp eg turen på butikken òg.  Her er resultatet:

  • Botn: 
  • 100 g kokosfeitt, helst Cocosa el liknande
  • 100 g kokosmasse
  • 100 g havregryn
  • 2 – 3  ss honning, gjerne flytande
  • Fyll:
  • 5 dl kokosmelk
  • 2 dl ananasjuice 
  • 4 ss chiafrø
  • 2 ss kokosmasse
  • jordbær
  • Rør saman kokosfeitt, kokosmasse og havregryn. Bland inn honningen. Blandinga skal ha konsistens som ein tjukk, litt fast deig. Ta evt meir havregryn, hvis blandinga ikkje blir fast nok til å trykkast ut. Trykk blandinga ut i ei form på ca 20 cm, set i kjøleskap i ca 2 timar.
  • Bland ingrediensane til fyllet. La fyllet stå ein time før du har det oppå botnen, la så alt stå ein time til eller lengre i kjøleskapet. Rett før servering tar du på jordbæra.

Denne kaka vil eg sei har det meste. Den smakar godt, tar kort tid å lage og kan nytast av dei aller fleste. Ver likevel obs på at personar som reagerer på peanøtter eller sesamfrø, også kan reagere på chiafrø.

Den er ikkje tilsett sukker, inneheld heller ikkje gluten, mjølk eller egg. Kjenner du nokon som er veganarar, vil også dei kunne ete denne kaka. Sjølvsagt kan alle typar bær og frukt brukast, men akkurat no er det vel få ting som kan måla seg med dei norske jordbæra.

Nyt sommaren – uansett vèr!

Tips: Server med eit glas hylleblomstdrikk for å få den rette sommarfølelsen. Oppskrift kjem, følg med.

Tips: Prøv å byte ut ananasjuice med lime eller sitron, men då i mindre mengder slik at det ikkje vert for syrleg. Fyllet kan sjølvsagt søtast med honning etter behov.

Legg gjerne inn kommentarar eller spørsmål, eg svarer så fort eg kan!

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.