Fiskelykke med fjellaure

on

Er du av typen som likar å prøve fiskelykka sjølv? Eller er du så heldig at dine nære og kjære likar å stå ved eit fjellvatn i timevis?

Då er du nok enig i at fersk fjellaure ein sommarkveld er ei delikatesse av dei sjeldne. Raud og fin  i «kjøtet» og med ein konsistens som nærast smeltar på tunga.

Den kan lagast til på mange måtar. Skal han nytast ute i det fri er det utrulig smakfullt å berre steika han på panna og hella over ein fløyteskvett. Men når fangsten vel er kommen i hus, kan det vera kjekt å variera litt.

På grillen er han lettvint og god som fiskepakke i aluminium, der buken blir fylt med friske urter, salt og pepar før du legg han på folien som er godt smurt med godt smør.

Du kan òg filitera fisken og baka han i ovnen, slik som i denne retten eg vil visa no. Ein siste tillagingsmåte eg må nevna er røyking i Aburøykeovn. Det er fantastisk godt, oppskrift på det vil komma seinare.

Men no gjeld det altså ovnsbakt filèt av fjellaure, servert med brokkolipurè, for å feira den norske brokkolien og kantarellar sidan dei no er fint i gong med sesongen her i Sogn. Dei er heilt sikkert å finna andre stader og, så skund deg ut og sjå etter!

Ovnsbakt fjellaure med kantarell og brokkolipurè

Til fire personar treng du:

  • 2 fine fjellaurar
  • 1 brokkoli
  • ca 50 g smør
  • så mykje kantarellar du har funne
  • smør til steiking av kantarellar
  • salt, pepar
  • grasløk
  • ca 1 kg nypoteter
  • Ha potetene i kokande vatn og la dei koke forsiktig i omlag 25 minutt, til dei er møyre. Hell av vatnet og la dei dampe seg tørre.
  • Filiter fisken slik at du har fire skinn – og beinfri filètar. Del filètane i to. Kvern over salt og pepar. Varm ovnen til 180 grader.
  • Skjer brokkolien i fine bukettar og stilken i skiver. Kok brokkolien i lettsalta vatn i 5 – 10 minutt, legg først i stilkane og fem minuttar seinare bukettane. Hell av vatnet og kjør med stavmiksar til ein fin purè, smak til med smør, salt og pepar.
  • Rens kantarellane og del dei hvis dei er store. Steik kantarellen lett i smør, har på salt og nykverna pepar.
  • 5-10 minutt før servering, set du brettet med fisken inn i ovnen. Steik til akkurat gjennomsteikt, kor lang tid det tek er avhengig av kor tjukk filèt du har.
  • Legg ei god skei brokkolipure på ein varm tallerk, legg fisken oppå,  saman med kantarellane. Klipp grasløk over.

Foto: Åsmund Kongsvik Aall

 

 

2 Comments Add yours

  1. ruthjohanne seier:

    så godt da såg ut! detta er så gøy 😀 klem ❤

    Likar

    1. Gardskjøkkenet seier:

      Tusen takk, Ruth Johanne! Ja, kjempekjekt å halda på med dette. Og denne kjem nok med i boka òg, då er det ekstra nyttig å få presentert oppskrift og testa ut responsen.

      Likar

Legg gjerne inn kommentarar eller spørsmål, eg svarer så fort eg kan!

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.