Smått, godt og lokalt til sommarkveldsmenyen

on

Av og til vil vi gjerne servere noko godt på sommarkvelden, uten å bruke heile dagen på førebuinga – smått, godt og lokalt kan då vere løysinga. Særlig på fine sommardagar som må nytast utandørs, er det lurt å legge lista lavt og gjere tida på kjøkkenet kort.

Eit lite utval av kalde eller lune smårettar som passar saman utgjer eit fint, enkelt måtid. Her har eg brukt grønt frå hagen;  vårsalaten sådde eg i slutten av mai, den står kraftig og fin no. Ruccolaen kjem på rota frå i fjor utan at eg treng å foreta meg noko. Med litt farge frå ringar med raudløk, litt olivenolje og fingersalt, og ein pakke snøfrisk rørt opp med balsamico, har eg ein smakfull sommarsalat.

Røykelaksen frå Solvorn får selskap av olivenolje, lime, kapers, parmesan, salt, pepar og grasløk.  Sjå oppskrift her.

Nypotetene frå Lærdal er så gode i seg sjølv at eg nesten ikkje har hjarte til å gjere noko med dei, men hvis du vil det finn du ei fin oppskrift  her.

Og så er det all den gode osten og spekematen som er fin å setja fram når det skal gå litt fort. Frå Undredal har eg henta kvit lagra geitost, frå Tysnes kjem  ein annan kvit geitost, som skil seg frå den første både i smak og konsistens. Ulike produkt frå same råvare, det skaper spennande og varierte matopplevingar. Spekepølse av geit passar då sjølvsagt godt til og ei pølse frå Evanger med kjøt både av  sau, geit, svin og storfe fann og vegen til bordet, alt kjøpt i nærleiken.

Skal eg servera noko godt i glaset til dette, ville eit godt og ikkje for kraftig øl frå Balder gjere nytta, feks Sognapils. Og kva med ein tørr, fruktig vin frå Balholm som Emma? Eller kanskje rett og slett eplejuice frå Henjatunet eller ein av alle dei andre gode produsentane her inne i fjorden?

Sjekk utvalget der du bur, lokalmat smakar aller best lokalt.

Alle foto: Åsmund Kongsvik Aall

 

Legg gjerne inn kommentarar eller spørsmål, eg svarer så fort eg kan!

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.