Sankesommar

on

I desse dagar tviheld me på sommaren. Nokre dagar kan me sitja med fjeset mot sola og berre nyta. På kjølegare dagar, kan me likevel prisa årstida med aktivitetar som gjev oss glede langt inn i hausten og vinteren. August er sankemånaden framfor nokon, med tilgang til både dei seine hagebæra, skogen og fjellet sine rikdommar, den første frukta og all soppen. I ei hektisk tid sist på sommaren og først på hausten har me alt dette samtidig og det kan vera vanskeleg å vita kva ende ein skal byrja i.

Eg byrjar med solbæra. Dei har vore hausta tidlegare i sommar og, men eg likar å la nokre henga til dei er nesten overmodne, til bruk i dessertar og anna smått og godt når eg måtte trenga det. Dessutan har det ikkje vore meir sol i sommar, enn at bæra i den mest skyggefulle delen av hagen, faktisk ikkje er modne før no. Solbær er svært rike på gode ting for kroppen vår, eit av dei viktigaste me har i hagen. Det er òg så rikt på smak at det nesten er i meste laget. Saft og syltetøy går greit, men i si reine form er det mange som syns solbæret vert for skarpt. Då er det om å gjera å balansera denne kraftige bærsmaken slik du gjer ved å laga ein curd.  Mange hugsar kanskje 1-2-3 terta frå i vår, den med sitron? Fyllet i den terta var ein  lemoncurd, på norsk kan me kalla det sitronsmør  eller sitronstand.  Å laga slik fruktstand er ein velkjent konserveringsmetode, særleg brukt på Dei britiske øyane. Det som er litt stilig, er at ein kan lage curd med andre ting enn sitron. I vår prøvde eg med rabarbra, det lova bra, men eg skal finpussa den oppskrifta til våren igjen. Frå Mariell Øyre har eg fått denne oppskrifta på solbærcurd, som verkeleg kan anbefalast:

Solbærcurd

  • 2 dl modne solbær
  • 3 eggeplommer
  • 1 dl sukker
  • 100 g smør
  • Kok opp solbæra med sukkeret i ein tjukkbotna kjele. Hvis du vil ha curd»en heilt glatt, kan du bruke stavmiksar på solbæra, men det er ikkje nødvendig.
  • Visp saman eggeplommene i ei skål ved sida av. Ha litt av den varme solbærblandinga i egga under god visping, ha så dette tilbake igjen i solbærkjelen. Rør godt!
  • Varm opp på svak varme til det tjuknar.
  • Ta av plata og tilsett smør i terningar, litt etter litt. Rør til alt smøret har smelta.
  • Solbærcurd kan brukast på samme måte som lemoncurd, f eks i kaker, paiar og kremar,  men heilt enkelt og veldig godt er det som «pålegg» på nysteikte boller eller scones.

Tips: Fyller du curd’en på varme, sterile glas kan du ta vare på han opp til 3 månader i kjøleskapet.

 

Du kan sjølvsagt laga sunnare og meir «kvardagslege» ting av solbær. Kva med ein frukost i farta , laga kvelden før på fem minutt, som kan nytast dei siste ti minuttane før du forlet heimen om morgonen? Og som lett kan oppgraderast til ein delikat dessert?

Her får du ei oppskrift på det og.

Chiapudding med kokosmjølk og solbær

Til 4 porsjonar som dessert, 3 porsjonar til frukost

  • 4 dl kokosmjølk
  • 3 ss chiafrø
  • 2 dl solbær
  • Rør chiafrø inn i kokosmjølka. Knus evt solbæra lett og bland dei inn. La stå nokre timar eller over natta i kjøleskap til puddingen har stivna.

Tips: Du kan byte ut kokosmjølka med vanleg mjølk. Då kan det vera godt å smaka til med litt vanilje. Alle typar bær kan brukast. På denne tida vil bringebær eller  blåbær også passa godt. Og på vinteren kan du ta dei bæra du likar rett frå frysaren eller frysedisken i butikken og blanda inn. Du kan og blande inn litt kokosflak, hakka nøtter eller havregryn.

Tips: Denne oppskrita er heilt utan sukker. Om du vil ha det litt søtare, anbefaler eg nokre teskeier flytande honning som du rører inn i blandinga eller har på toppen ved servering.

Obs at du kan reagera allergisk på chiafrø om du er allergisk mot peanøtter eller sesamfrø!

Ønskjer du å vite litt meir om chiafrø? Sjå her.

Veret har kanskje ikkje vore det beste i sommar med tanke på sol og badetemperaturar, men nokon trivst godt i dette fuktige og passe varme klimaet. Til glede for alle oss matelskarar, har kantarellen hatt gode forhold og det er ingen grunn til berre å la han stå og skine for seg sjølv. Ut i skogen med korg og kniv, så skal du få tips til kva du kan trylle fram på kjøkkenet etterpå.

Det enklaste er sjølvsagt å berre surre kantarellen litt på panna med smør, det kan du sjå meir om her. Du treng egentlig ikkje noko oppskrift, berre prøv deg fram og finn din måte.

Ein god saus som passar fortreffeleg til pannesteikt fjellaure eller laksefilet i ovn eller  panne, finn du her.

Soppsupper finst det mange av, her er regelen min som vanleg at det enklaste ofte er det beste. Du kjem langt med sopp, kraft og fløyte, har du litt vin å avsjå er det med på å heva smaken, men er ikkje noko absolutt «must».  Denne kantarellsuppa kan du trygt prøva.

 

Til slutt vil eg slå et slag for risottoen, enten som eigen rett, eller som tilbehør. Som eigen rett med kantarell kan han vere med å gje deg ein kjøttfri middag. Det er ikkje vanskeleg å laga risotto, det tar heller ikkje lang tid, men du må følgje nokre enkle spelereglar. Oppskrift kjem etter kvart.

 

Legg gjerne inn kommentarar eller spørsmål, eg svarer så fort eg kan!

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.