Hausten er ikkje over, det er traktkantarell igjen

on
November kan vere ganske så grå og regnfull. Så skin det brått opp. Husk då at vi framleis kan finna godsaker som traktkantarell i skogen.
Det er nemlig slik at så lenge frosten ikkje er kommen, vil du kunne finna traktkantarell. I verste fall toler han ei frostnatt eller to òg, men då byrjar det å haste litt. Så kvifor ikkje ta turen ut i dag?
Som med all soppsanking, må ein vite kva ein plukkar. Har du ikkje plukka traktkantarell før, så ta med deg nokon som kjenner han når du plukkar første gangen. Det beste er sjølvsagt å gå på eit soppkurs, men det lyt vel bli til neste år.
Sjølv om han ikkje liknar på nokon giftige soppar, kan det ofte veksa giftige soppar i samme området og også tett saman med traktkantarellen, slik at feil sopp kan havna i korga. Den sjansen må du ikkje ta! Kvar traktkantarell må plukkast og sjekkast enkeltvis. Eit tips når ein reinsar soppen, er å ta kvar sopp og riva frå kvarandre på langs, då ser ein samtidig at stilken er hol inni, eit av soppen sine sikre kjenneteikn.

Traktkantarellen på kjøkkenet

Når soppen er ferdig reinsa og du er 100 % sikker på det som er i korga, er det mykje godt som kan lagast.
Traktkantarellen er ein smakfull sopp som óg er av dei mest anvendelege vi har. Særleg når det gjeld å ta vare på soppen, har vi meir å gå på enn ved mykje anna sopp. Soppen kan sjølvsagt brukast fersk, men òg halde seg lenge i kjøleskapet, i frysaren og han kan tørkast og ligga på eit tett glas i fleire år.
 Du kan til dømes prøva denne suppa som også inneheld svartkål.
Traktkantarellen er også super å bruka saman med ei steik eller ein biff. Det enklaste er berre å hakka litt sjalottløk, surra han litt først aleine, så saman med traktkantarellen. Så ein god skvett fløyte. Når det har tjukna litt og smakar godt er det ferdig. Har du litt madeira eller portvin ståande, kan du ha ein skvett oppi. Steikesjya gjev òg god smak. Vips, så har du ein god soppsaus.
Tips: Tørka traktkantarell er god smakstilsetjing i sausar. Knus litt mellom fingrane og bruk som smaksforsterkar.

Legg gjerne inn kommentarar eller spørsmål, eg svarer så fort eg kan!

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.