Regnfulle haustdagar kan få eit lite løft med noko så enkelt som ei suppe. Det varmar både i kropp og sjel og gjev verdifull næring og ny styrke. Med ei god blanding av råvarer frå fjern og nær, får vi både bærekraftig proteintilskot og «grøne» vitamin og mineral. Kikertene kan kjøpast ferdig kokte om du ikkje vil ta deg bryet med å koka sjølv. Kålen er på sitt finaste no. Finn du ikkje svartkål, kan vanleg grønkål gjera akkurat same nytta. Men spør gjerne etter svartkål, det er ingen grunn til at denne ikkje kan dyrkast like godt som vanlig grønkål.
Kikertsuppe med kål
4 porsjonar
- 1 ss smør eller olje
- 1 fedd kvitløk
- 2 løk
- 2 gulrøter i små terningar
- 8 dl ferdig kokte kikerter
- 1 l kraft el buljong, gjerne grønsakbuljong
- ca 1/2 kinakål eller vanleg hovudkål i strimler
- Surr løk og kvitløk i smør eller olje. Tilsett væske, gulrot og kål og kok til grønsakene er møyre. La kikertene trekke med på slutten.
- Ha i to gode nevar grønnkål el svartkål i strimler heilt til slutt.