Mens me ventar på at boka kjem frå trykkeriet og ligg klar i bokhandelen, kan me kosa oss med denne desserten som er som skapt for fine haustdagar. Lett å laga, lett å lika og med råvarer som dei fleste toler og får tak i .
Dette er ingen revolusjonerande ny rett, men Henjatunet sin vri på ein gammal klassikar. Hos oss heiter den Eple og brød på vase, men er òg kjend under navn som Tilslørte bondepiker, på nynorsk sjølvsagt Bondejenter med slør.
I vår versjon er den vanlige eplemosen bytt ut med ein purè av friske eple og kald sukkerlake. Det gjev oss ein frisk og rein eplesmak. Brødet er i dette tilfellet havregryn som er surra med smør og sukker til ein litt crispy konsistens. På denne måten blir desserten også fin for deg som ikkje toler gluten og/eller kveitemjøl. Kremfløyten kan erstattast med til dømes ein havrebasert fløyteerstatning om du ikkje toler mjølkeprodukt eller er veganar. Også det gode smøret kan bytast ut med eit mjølkefritt alternativ, dersom ein av ulike grunnar ikkje kan ete mjølkeprodukt.
Til 4-5 porsjonar:
Frisk eplemos:
- 200 g sukker
- 1,5 dl vatn
- 1 kg eple
- Kok sukker og vatn til sukkerlake og avkjøl.
- Lag frisk eplemos av skrelte eple i bitar og ca 2 dl sukkerlake, bruk stavmiksar eller ein blender.
Havregrynstrø:
- 5 dl havregryn
- 4 ss smør
- ca 4-5 ss brunt sukker, eller vanlig kvitt sukker
- Smelt smør og sukker, rør inn gryna. Surr til det er lett og sprøtt, avkjøl.
Fløytekrem:
- Pisk ca 5 dl fløyte til krem og legg lagvis med strø og eplemos. Server med det same.
Tips: Bruk vispbar havrefløyte eller soyafløyte om desserten skal vera mjølkefri. Også smøret kan bytast med mjølkefritt alternativ til dømes rapskokos eller kokosolje. Sukkermengda bestemmer du sjølv og det blir også godt om du brukar honning eller kokosblomstsukker.
Bestilling:
eller på e-post til:
asekongsvik@gmail.com