Me har sjølvsagt med oss hjortekjøtet når me lagar bok om mat frå Sogn. Som mange andre stader på i landet, har me god tilgang på denne fantastiske råvara og no om hausten er jegerane ute så ofte dei kan.
Denne gongen har me valt å servera hjorten med ein syrleg fløytesaus og og endå ein av hausten sine smakfulle grønsaker.
Rosenkålen er god uansett, men me syns han blir ekstra god om han er litt «svidd i kantane». Altså at han har fått så mykje varme iallfall på snittsida at me får fram den lett karamelliserte smaken.
Du finn denne oppskrifta og mange fleire i boka som er ute i byrjinga av desember.
Ho kan bestillast her:
https://www.heifredag.no/produkt/henjatunet-mat-fra-sogn/