HENJATUNET Mat frå Sogn. I salg no.

Dette er boka for matglade folk som verdset lokale råvarer og matproduksjon. Boka viser korleis ein kan byggja ei merkevare ut frå dei ressursane ein har tilgjengeleg og det særmerkte i tradisjon, natur og kultur. Oppskriftene inspirerer til å ta råvarene i bruk akkurat på den tida dei er best og lettast å få tak i, og du får gode tips om drikke til alle rettane. I tillegg til forteljinga om Henjatunet, finn du omtalar av andre viktige mat- og drikkeprodusentar i Sogn. Også gjestene kjem til orde med sine helsingar og tilbakemeldingar.

Her finn du menyar med detaljerte oppskrifter tilpassa årstidene. Du kan lesa om kva råvarer som er aktuelle til ulike tider, kor ein får tak i dei og kva drikke som passar til dei ulike smakane. Drikkeanbefalingane er lagt stor vekt på og du finn både lokale fruktbaserte drikker med og utan alkohol, lokalt øl og og vinar frå sørlegare breiddegrader. Å visa lesaren korleis ein smakar seg fram til den mest høvelege vinen, har vore viktigare enn å peika på einskilde produsentar. Likevel, i tråd med gjennomgåande prinsipp i boka, ein vil nok oppleva at vinar frå små produsentar som  driv mest mogeleg i pakt med naturen, ofte vert dregne fram.

Boka gir også portrett av andre småskala verksemder i nærleiken. Det har vore viktig å visa mangfaldet og å løfta fram dei som Henjatunet er avhengige av for å kunna ha ein meny basert på mest mogeleg råvarer frå nærområdet.

Til sist, men ikkje minst – kva skulle me gjort utan gjestene? Å samla gjesteomtalar til boka har vore ein viktig strategi for å visa fram produktet slik det opplevest for dei som vitjar oss. Sett frå innsida har me ei oppleving, men gjesten som kjem utanfrå ser det heile med andre auge. Det er ei viktig kvalitetssikring, og heldigvis ofte, ei hyggeleg stadfesting av at produktet vårt blir verdsett. Og alltid stas når me får høyra godord om det me driv med.

Du kan kjøpa boka her:

https://heifredag.no/item/henjatunet-bok

Og avisa har vore på besøk: