Takk og god jul !

Det har vore ein utruleg spennande haust med ferdigstilling av boka og nokre svært fine og intense og veker frå eg fekk ho i hendene. Takk til alle som har delt gleda og forventninga med meg, teke del i feiring og markering og ikkje minst alle som har kjøpt boka til seg sjølv eller som gave. Eg blir heilt rørt når nokon kjøper fire eksemplar – eitt til kvar av ungane og eitt til seg sjølv. At arbeidet og engasjementet mitt blir sett pris på på denne måten, er stort. Og at eg på denne måten får vist fram våre lokale matskattar og det arbeidet og engasjementet som ligg bak slike satsingar, opplevest svært godt og rett.

Og så kjem alle dei fine tilbakemeldingane. Mange er opptekne av bilda i boka og framsida. Ein kommentar frå ei ung jente var at ho kunne tenkt seg framsidebildet som plakat på veggen! All ære til Mariell for det!

Andre legg merke til korleis historia blir fortalt, ikkje for tett på, men nært nok til at dei som er ein del av ho kjenner seg att. Og at balansen mellom alvor og humor er fin.

Godt vaksne lesarar merkjer seg at skrifta er svært lesevenleg også for dei. Og heldigvis får folk med seg at ein finn heile menyar i boka og at dei er sett saman utfrå når ein får tak i råvarene. Og at ein finn vinanbefalingar til absolutt alle rettane! Det er Anniken si forteneste!

Designet får også mykje fin merksemd. At  format og layout er friskt og nytenkjande og at dette speglar at boka er «meir enn i kokebok».

Og så blir eg veldig stolt når eg ser boka til sals i bokhandlarar og nettbutikkar, det betyr at mange alt har fått augene opp for ho og at ho er tilgjengeleg for alle som er interesserte.

No tek eg julehelg og lar bok vera bok nokre dagar! Og ønskjer ei retteleg god jul til alle der ute!