Det er alltid noko spesielt med eit nytt år. Det er tid for tilbakeblikk og takksemd for alt me har fått i året som gjekk.
Eg har aldri hatt sansen for nyttårsforsett. Eg har meir tru på å gje meg sjølv og andre nye sjansar kvar dag og helst mange ganger i løpet av dagen. Ting skjer nemlig fort i dette skjøre livet vårt, og det einaste me har er øyeblikket akkurat no. La overgangen til det nye året bli ei påminning om akkurat det og gje deg sjølv ei vennleg oppmoding om å leva livet fullt ut her og no.
Sjølv tek eg med meg gleda over å ha fullført prosjektet med å skrive boka om Henjatunet og maten i Sogn. Og ikkje minst gleda over alle dei positive tilbakemeldingane om boka og at så mange har kjøpt ho!
Noko av det fine med denne boka, er at ho er like aktuell no etter jul som før. Sidan både menyar, oppskrifter og råvareomtalar er knytt opp til dei ulike årstidene, vil det alltid vera noko å henta og bli inspirert av. Eg er så heldig at eg i dag kan gå ut i hagen og henta ingrediensar til fleire av vintermenyane i boka, som til dømes svartkål. Er du som meg litt lei av den heller fargelause kålen i julesurkålen, kan du no la deg muntra opp av den friske, mørkegrøne fargen på svartkål. Og husk at den vanlegare grønkålen også gjer nytta i oppskrifter med svartkål.
Finn eg i tillegg fersk torsk i butikken og kanskje har noko tørka steinsopp i eit glas, er den kjøttfrie helgemiddagen sikra; Torsk med steinsoppsaus og smørsteikt svartkål.
Som du vil sjå i boka, er denne retten fin også som ein forrett om du vil ha ein trerettars.
Ikkje alle har sjølvplukka steinsopp i spiskammeret, men mange velassorterte matbutikkar har tørka sopp i alle variantar og fersk champignon kan også brukast.
Dei fleste er sjølvsagt avhengige av å kjøpa råvarene i butikken. Det å vera på butikkjakt etter råvarer som høyrer heime i denne årstida, er med på å støtta opp under vår heimlege matproduksjon. Kål i alle variantar er også noko av det beste me kan gje kroppen vår og smakar fantastisk. Prisen er det heller ikkje noko å sei på.
Tips til bruk av svartkål og grønkål og oppskrifter, finn du i boka mi!
Boka finn du i bokhandelen, både den fysiske og i ulike nettbokhandlar. Til dømes i Haugen bok:
https://www.haugenbok.no/Generell-litteratur/kokeboeker/Henjatunet/I9788230340486
Har dei ikkje teke ho inn i din bokhandel enno, vil dei nok gjere det om du spør.
Ho er sjølvsagt også å få i fotograf og designer Mariell Øyre sin nettbutikk Hei Fredag: https://heifredag.no/item/henjatunet-bok