Vår i vente

I går, den 2. februar var det Kyndelsmesse. I gamle dagar var dette den absolutt siste dagen i jula, så no er det på tide å byta ut siste rest av jul med noko som kan minna om vår. Eg likar å juksa litt med slikt, så for eit par veker sidan var eg ute og henta inn kvistar av Gullbusk eller Forsythia, dei står no i full blom inne i stova.

I katolsk tid var dette ein heilagdag til minne om Maria sin kyrkjegang 40 dagar etter fødselen. Dette var òg dagen der ein velsigna alle lys som skulle brukast i kyrkja resten av året, herifrå kjem navnet Kyndelmesse. På latin er candela ordet for lys og i norrønt språk er det kyndill. I katolske land er dette enno ein festdag, som til dømes i landsbyen Moya på Gran Canaria der me opplevde storstilt fyrverkeri ein slik kveld for nokre år sidan!

Her hos oss er det blitt til ein merkjedag som skal gje oss teikn på korleis våren og året blir. Slår desse til, vert det ein tidleg vår og eit godt år i år, iallfall her i Sogn. Vil du vita meir om slike merkjedagar, kan du lesa den fine boka Alle tiders Fjordamat som Kari Støfringsdal og eg gav ut i 2002. Den er nok ikkje i salg lenger, men finst i mange heimar rundt om, særleg i Sogn og Fjordane.

Sjølv om det er for tidlig å venta på våren enno, kan det vera godt å varma seg på tanken om at den nærmar seg og nyta at dagen alt er blitt mykje lenger enn han var rundt jul. Mange av oss får no inspirasjon til å gå i gang med det alle første steget mot ein blomstrande og grøn hagesommar, dei frøa som treng tidleg forkultivering inne, kan nemleg med fordel komma i jorda no.

Og om det ikkje er tele i jorda, kan me gå ut og hausta jordskokk og laga oss ei god suppe. Var me så lure å ta inn tidlegare i haust og har lagra han kaldt, gjerne med litt jord eller sand rundt seg, kan han hentast fram og skrubbast rein no.

 

Oppskrift finn du her på bloggen eller du kan finna ho i Henjatunet. Mat frå Sogn

som du kjøper du her: https://heifredag.no/item/henjatunet-bok