Festlege februar

Festdagane står i kø no og det treng me kanskje på denne tida. Morsdag på søndag og Valentinsdag på torsdag. Begge er dagar der me gjer stas på nokon me set høgt. Det må sjølvsagt ikkje handla om mat på slike dagar, men kvifor ikkje? Ein god middag og ein dessert eller ei kake set farge på tilværet og gjev oss ein ekstra grunn til å samlast rundt bordet.

Råvara me vil dra fram no er bringebær. Dei toler vinterlagringa i frysen godt og kan hentast fram igjen for å toppa eit måltid i ei fin feiring, som til dømes på Morsdagen, Valentinsdagen eller fødselsdagen til ein du er glad i. I kombinasjon med sjokolade kjem bringebæret til sin rett, der det friske og syrlege balanserer den tunge, litt mørke sjokoladesmaken. For å få perfekte bringebær heile vinteren, er det lurt å frysa dei raskt inn kvar for seg og så pakka dei godt. Sakte tining i kjøleskap under ei luksuriøs dyne av sjokolademousse, er vårt tips til ein perfekt dessert i februar.

Bringebær frå Lærdal vart nettopp kåra til Årets grønne naturell i Det norske måltid:

Oppskrift på sjokolademousse og og andre rettar tilpassa årstida finn du i Henjatunet. Mat frå Sogn.

Kjøp i bokhandelen din eller hos Hei Fredag