Svart rot blir grønt lyspunkt

Sjå kva eg fann ute i pallekassen min her om dagen!

Det er altså slik at fleire grønsaker toler og faktisk trivst med vår lange og kalde vinter. Eg har tidlegare vore innom jordskokken fleire gonger, denne verdifulle jordknollen som kan overvintra og haustast på tidspunkt der ingenting anna veks.

Svartrota, som også er kjend som skorsonnerot, er ein gammal delikatessegrønsak som dessverre er altfor lite brukt i dag. Lenger sør i Europa veks ho vilt som ein staude, her heime må me så frå frø , men lar me ho overvintra kjem ho att som ein flott blomstrande plante året etter, med fine gule blomar. På samme måte som jordskokk, inneheld ho ho ikkje stivelse, men eit karbohydrat som heiter inulin som er gunstig særleg for personar med diabetes.

Rota er svart utanpå og kvit inni og kan brukast på mange vis, aleine eller saman med andre rotgrønsaker. Ovnsbakt, fritert til chips eller stua i fløyte – her er det fritt fram. Eg lovar deg eit smaksmessig høgdepunkt om du prøver den kremstua svartrota i Henjatunet. Mat frå Sogn, der kan du òg lesa meir om denne og andre grønsaker som er tilgjengelege nett no.

Svartkål og grønkål kan også brukast no, sjølv om dei har fått litt snø på seg.

Vil du bli inspirert og få ny kunnskap om dyrking av eigne grønsaker, anbefaler eg deg å sjekka ut @Mariaberghestad sine tips i https://detgronneskafferi.com, eller endå betre, komme på eit av foredraga hennar: https://detgronneskafferi.com/2019/02/26/turne-hordaland