Gardskjøkkenet er med i kampen mot kasting av mat

I boka Henjatunet. Mat frå Sogn er nettopp poenget å laga mat slik at råvarene blir brukt når dei er på sitt beste og vert henta frå ein stad nær deg. Då har du ikkje behov for å ha store lager og du reduserer risikoen for at maten går ut på dato før han vert brukt.

Det er heller ikkje slik at ein må ete berre grønsaker for å vere meir klimavennleg. Den enklaste og beste måten er å ete den maten som er produsert nærast deg og å følgje årstidene. Då slepp du å finrekna på karbonbelastninga til dei ulike råvarene, noko som uansett er svært vanskeleg, fordi det er så mange ulike storleikar å ta omsyn til.

Og vi må bruke sunn fornuft når det gjeld kva kjøt vi skal ete. Sauekjøtet som alt er produsert og ligg på eit fryselager, blir ikkje meir klimavennleg om det går til dyrefor. Og så lenge det er meininga at det skal bu folk i dette landet, er det lurt å ta i bruk beiteressursane og produsera mat.

Så sjå no om du finn deg ei god kortreist saueribbe til pinnekjøtet ditt og ei like god ribbe frå ein glad gris ein stad nær deg og nyt julematen din når vi kjem så langt, i respekt for både dyret, bonden og jorda vår.

https://www.renmat.no/artikler/2019/slik-tilbereder-du-sau

Matsjokket

Glade grisar i Flåm