2 korger friske jordbær i skiver
½ l kremfløyte
Marinade:
ca 1 dl flytande honning
ca 1 dl mild olivenolje
ca 2 dl balsamicoeddik
basilikum, grovhakka
Bland alt til marinaden og la jordbæra ligga i marinaden ca ein time før servering. Legg bæra i ei skål og server med ein kremklatt. Server gjerne marinaden ved sida av , så kan alle justera smaken sjølv.
Ein Moscato frå Asti eller ein plommevin frå Balestrand er godt å drikka til.