Boblande alkoholfri sommarglede

Foto: Åsmund Kongsvik Aall

Har du  laga hylleblomstsaft og lurer på kva du skal bruke den til?

Her får du  oppskrift på ein herleg boblande sommardrikk, som sjølvsagt kan nytast heile året dersom du har litt hylleblomstsaft i frysaren. Men den passar aller best no og du regulerer sjølv kor søt eller frisk du vil ha han,  alt etter om den skal serverast til middagen eller som eit lite glas saman med desserten eller til ei kake. I selskapet er denne drikken eit alkoholfritt alternativ du kan servere med den beste samvittighet, gjerne som ein aperitif.

Eplejuice med hylleblomstsaft og farris

  • ca 3,5  dl eplejuice
  • ca 1/2  – 1 dl hylleblomstsaft
  • ca 2 ,5 dl farris eller anna boblevatn
  • Bland alt i ei mugge og server i fine glas, gjerne pynta med eit jordbær eller eit  bringebær. Du kan og legge eit par fryste bær i som isbitar.

Tips: Frys hylleblomstsafta i isterningsposar og bruk ho når du vil setje smak på drikkar.

Tisp: Hylleblomstsmaken passar til mykje. Jordbær, rabarbra og eple er alt nevnt. Pære er ein annan smak som hylleblomen trivst med. Du kan og røre ut litt honning i hylleblomstsafta, før du tilset vatn eller farris. Eller kvifor ikkje trekke litt te, tilsetje honning og hylleblomstsaft, avkjøle og servere som iste?