Boka er snart klar!

Etter snart tre år med  skriving, leiting etter oppskrifter, komponering av oppskrifter, testing av oppskrifter, smaking av vin og øl til maten, matlaging for fotografering og så vidare og så vidare –  er altså resultatet av arbeidet snart synlig og boka skal vere klar for salg akkurat i tide til julehandelen!

Sannsynligvis er dette den mest lokalproduserte boka du vil få tak i.  Fotograf og designer frå ein nabokommune, vinentusiast frå samme bygd og språkkonsulent er utflytta sambygding. Fagkonsulenten måtte eg rett nok over eit fjell for å få tak i, men ikkje lenger heller.

Henjatunet Gardsrestaurant var ein av dei første serveringsstadane som baserte seg på lokal og økologisk mat midt på 1990- talet, så kanskje har vi vore med å påverka litt? Eg vel å tru det!

No får du iallfall oppskriftene på maten som tusenvis av gjester frå nær og fjern har blitt begeistra for gjennom alle desse åra. Og ikkje minst får du forteljinga om korleis det gjekk til at det vart opna restaurant i ei stove frå 1700-talet i eit lite gardstun i ein liten vestlandskommune.

Eg har jo vore med å gje ut bøker tidlegare, neste år er det faktisk 20 år sidan Fjordamat, Kokeboka for Sogn og Fjordane (1999), kom ut! Den vart skriven av Kari Støfringsdal og meg i lag. Seinare kom det to bøker til, på Ta kaka (2005), var både Kari og Heidi Brunstad-Øyehaug medforfattarar. Og dei to Fjordamatbøkene vart etter ein del år sydd saman til ei bok, Fjordamat (2008) . Både Fjordamat og Ta Kaka er framleis til sals hos bokhandlarar, Bokklubben og hos Selja Forlag.

Men denne gongen er det litt annleis. Eg gir ut på eige forlag, ein svært spennande og lærerik prosess! Gode hjelparar har eg sjølvsagt, uten hadde det ikkje gått. Foto, språk, design og det matfaglege er ikkje noko å tulla med! Særleg samarbeidet med Mariell Øyre har vore uvurderleg!

Og mange har stilt opp med sine bidrag. Lokale og langvegsfarande gjester har delt sine opplevingar og inntrykk frå besøk i Henjatunet. Andre lokale matprodusentar i bygda og nabokommunane har teke godt i mot oss og bidrege til at boka også viser kva anna som finst i Sogn av god mat og drikke.

Framover hausten vil eg presentera smakebitar fram til boka ligg klar i ein bokhandel nær deg og!

https://www.heifredag.no/

 

Du kan og bestilla direkte på e-post til:

asekongsvik@gmail.com