Carpaccio av røykt aure

Her kan både røykt laks og aure brukast, vi brukar den beste vi får tak i lokalt. Det er ein fordel om fisken er litt tørr og fast.

Til ca 10 personar

  • ca 50 g aure/laks pr person
  • 3/4 dl limesaft, ca 2 store lime
  • 1,5 dl god olivenolje
  • 100 g  parmesan
  • 1 bunt grasløk
  • 1 glas kapers
  • fingersalt
  • grovkverna pepar
  • Pass på at lime og olivenolje har same temperatur. Visp safta inn i olja, slik at du får ei litt tjukk blanding, ein emulsjon. Rasp parmesanen, hell laken av kapersen, klipp grasløken fint.
  • Legg tynne skiver av aure/laks utover tallerken, dryss over salt, pepar, kapers, parmesan, grasøk og fordel til slutt olje/limeblandinga på og rundt fisken. Server med godt flatbrød og ein god kvitvin som Sancerre eller anna vin basert på druesorten Sauvignon Blanc.

 

Advertisements