Svart rot blir grønt lyspunkt

Sjå kva eg fann ute i pallekassen min her om dagen! Det er altså slik at fleire grønsaker toler og faktisk trivst med vår lange og kalde vinter. Eg har tidlegare vore innom jordskokken fleire gonger, denne verdifulle jordknollen som kan overvintra og haustast på tidspunkt der ingenting anna veks. Svartrota, som også er kjend…

Sunt i sesong

Regnfulle haustdagar kan få eit lite løft med noko så enkelt som ei suppe. Det varmar både i kropp og sjel og gjev verdifull næring og ny styrke. Med ei god blanding av råvarer frå fjern og nær, får vi både bærekraftig proteintilskot og «grøne» vitamin og mineral. Kikertene kan kjøpast ferdig kokte om du…

Hausten er ikkje over, det er traktkantarell igjen

November kan vere ganske så grå og regnfull. Så skin det brått opp. Husk då at vi framleis kan finna godsaker som traktkantarell i skogen. Det er nemlig slik at så lenge frosten ikkje er kommen, vil du kunne finna traktkantarell. I verste fall toler han ei frostnatt eller to òg, men då byrjar det…

Ferske grønsaker frå frosen jord

Litt overdrive kanskje, men ikkje mykje. Jordskokken kan hentast opp heile vinteren igjennom så lenge jorda ikkje er altfor frosen. Han toler kulden og beheld både smak og konsistens på ein framifrå måte. Det er kjærkomme no etter ein lang vinter og medan det endå er langt til vår, iallfall når det gjeld ferske grønsaker….

Gardskjøkenet i Veggisveko

Når ungdommane i POW går føre med eit så godt eksempel, er det på sin plass at vi vaksne følgjer etter. Denne veka i februar er det ekstra fokus på å ete mindre kjøt og meir grønsaker. Faktisk er vi utfordra på å laga alle middagar utan kjøt! Det fine med dette initiativet er at…

Omelett med skogsopp

Ein enkel smårett som også fungerer som ein middagsrett utan kjøt. Med protein frå egga er dette eit fullverdig måltid. Ein kan sjølvsagt laga omelett med alle slag fyll, også sopp frå butikken, men det er lite som slår sjølvplukka fersk skogsopp. Det er best å surra soppen litt på panna saman med smør eller…