I boka Henjatunet. Mat frå Sogn er nettopp poenget å laga mat slik at råvarene blir brukt når dei er på sitt beste og vert henta frå ein stad nær deg. Då har du ikkje behov for å ha store lager og du reduserer risikoen for at maten går ut på dato før han vert…
Kategori: Matgleder heile året
Boka mi i Aftenposten sitt Matmagasin!
Norges mest leste matmagasin «Mat fra Norge» hadde fin omtale av boka i siste nummeret før påske. Bestill boka her: https://heifredag.no/item/henjatunet-bok
Svart rot blir grønt lyspunkt
Sjå kva eg fann ute i pallekassen min her om dagen! Det er altså slik at fleire grønsaker toler og faktisk trivst med vår lange og kalde vinter. Eg har tidlegare vore innom jordskokken fleire gonger, denne verdifulle jordknollen som kan overvintra og haustast på tidspunkt der ingenting anna veks. Svartrota, som også er kjend…
Festlege februar
Festdagane står i kø no og det treng me kanskje på denne tida. Morsdag på søndag og Valentinsdag på torsdag. Begge er dagar der me gjer stas på nokon me set høgt. Det må sjølvsagt ikkje handla om mat på slike dagar, men kvifor ikkje? Ein god middag og ein dessert eller ei kake set…
Vår i vente
I går, den 2. februar var det Kyndelsmesse. I gamle dagar var dette den absolutt siste dagen i jula, så no er det på tide å byta ut siste rest av jul med noko som kan minna om vår. Eg likar å juksa litt med slikt, så for eit par veker sidan var eg ute…
Godt nytt år og takk for det gamle!
Det er alltid noko spesielt med eit nytt år. Det er tid for tilbakeblikk og takksemd for alt me har fått i året som gjekk. Eg har aldri hatt sansen for nyttårsforsett. Eg har meir tru på å gje meg sjølv og andre nye sjansar kvar dag og helst mange ganger i løpet av dagen. Ting…
Takk og god jul !
Det har vore ein utruleg spennande haust med ferdigstilling av boka og nokre svært fine og intense og veker frå eg fekk ho i hendene. Takk til alle som har delt gleda og forventninga med meg, teke del i feiring og markering og ikkje minst alle som har kjøpt boka til seg sjølv eller som…
HENJATUNET Mat frå Sogn. I salg no.
Dette er boka for matglade folk som verdset lokale råvarer og matproduksjon. Boka viser korleis ein kan byggja ei merkevare ut frå dei ressursane ein har tilgjengeleg og det særmerkte i tradisjon, natur og kultur. Oppskriftene inspirerer til å ta råvarene i bruk akkurat på den tida dei er best og lettast å få tak…
Strålande, klare haustdagar og hjort på menyen
Me har sjølvsagt med oss hjortekjøtet når me lagar bok om mat frå Sogn. Som mange andre stader på i landet, har me god tilgang på denne fantastiske råvara og no om hausten er jegerane ute så ofte dei kan. Denne gongen har me valt å servera hjorten med ein syrleg fløytesaus og og endå…
Henjatunet. Mat frå Sogn. Glimt frå boka.
Hausten er over oss og vinteren like om hjørnet. Det blir mindre og mindre att av dagen, me lyt vera raske skal me får oss ein tur ut i skog og mark før mørket kjem på. Men rekk du ein tur ut i det milde haustvêret, så sjå om du ikkje finn litt traktkantarell som…
Henjatunet. Mat frå Sogn. Smakebitar.
Mens me ventar på at boka kjem frå trykkeriet og ligg klar i bokhandelen, kan me kosa oss med denne desserten som er som skapt for fine haustdagar. Lett å laga, lett å lika og med råvarer som dei fleste toler og får tak i . Dette er ingen revolusjonerande ny rett, men Henjatunet sin…
Sunt i sesong
Regnfulle haustdagar kan få eit lite løft med noko så enkelt som ei suppe. Det varmar både i kropp og sjel og gjev verdifull næring og ny styrke. Med ei god blanding av råvarer frå fjern og nær, får vi både bærekraftig proteintilskot og «grøne» vitamin og mineral. Kikertene kan kjøpast ferdig kokte om du…