Henjatunet. Mat frå Sogn. Smakebitar.

Mens me ventar på at boka kjem frå trykkeriet og ligg klar i bokhandelen, kan me kosa oss med denne  desserten som er som skapt for fine haustdagar. Lett å laga, lett å lika og med råvarer som dei fleste toler og får tak i . Dette er ingen revolusjonerande ny rett, men Henjatunet sin…

Sunt i sesong

Regnfulle haustdagar kan få eit lite løft med noko så enkelt som ei suppe. Det varmar både i kropp og sjel og gjev verdifull næring og ny styrke. Med ei god blanding av råvarer frå fjern og nær, får vi både bærekraftig proteintilskot og «grøne» vitamin og mineral. Kikertene kan kjøpast ferdig kokte om du…

Mitt beste førjulstips er å gjere det enkelt

Det er så altfor mykje styr og stress i førjulstida, og eg strevar for ikkje å bli riven med av det. Eg har berre lyst til å gle meg til jul. Gle meg til det lyspunktet som den representerer i den mørke vinteren, vona på gode dagar med familien og at alle skal ha det…

Sankesommar

I desse dagar tviheld me på sommaren. Nokre dagar kan me sitja med fjeset mot sola og berre nyta. På kjølegare dagar, kan me likevel prisa årstida med aktivitetar som gjev oss glede langt inn i hausten og vinteren. August er sankemånaden framfor nokon, med tilgang til både dei seine hagebæra, skogen og fjellet sine…

Fiskelykke med fjellaure

Er du av typen som likar å prøve fiskelykka sjølv? Eller er du så heldig at dine nære og kjære likar å stå ved eit fjellvatn i timevis? Då er du nok enig i at fersk fjellaure ein sommarkveld er ei delikatesse av dei sjeldne. Raud og fin  i «kjøtet» og med ein konsistens som…

Lettvint og allergivennlig jordbærkake

Her får du oppskrifta på ei lettvint og allergivennleg jordbærkake,  som vart til ein regnfull sommarettermiddag med godtesjuke ungdommar i huset. Sjølv kunne eg òg tenkja meg noko godt, men helst av det litt sunnare slaget. Ein runde i skuffer og skap viste at dette skulle vera mulig. Og med litt ferske jordbær frå hagen,…

Hylleblomsten er her – hent inn sommarsmaken!

No blømer hyllen. Eg er så heldig å sjå rett ned på eit felt med blømande hyll, der hylleblomsten med sine kvite skjermar lyser opp det mørkt grøne bladverket. Du finn han óg forvilla over store deler av landet, så ser du deg litt rundt no, er det store sjansar for at du oppdagar ein…

Kor blir det av den norske aspargesen?

I slutten av mai og utover mot jonsok, er det sesong for norsk asparges. Det er berre desse få vekene, så det gjeld å vere om seg.  Etterkvart som etterspørselen aukar, blir nok også produksjonen større, slik at folk i heile landet får nyte denne smakfulle og næringsrike grønsaken.  Asparges er nemleg ein av mine…

Vårlig 17.mai dessert

I dag fekk eg lyst til å henta fram ein tradisjonsdessert som prisar både våren og nasjonaldagen vår. Eg fann oppskrifta under arbeidet med  Ta Kaka,  i ei kokebok mamma hadde på husmorskulen tidleg på 50 – talet. Eg vil tru at desserten vart til nettopp i gleda over at våren kjem med ferske smakar og at…

Sitronterte (på) ein-to-tre

Mi matlaging  handlar ofte om å forenkla og  å dela opp det eg skal gjera i  passsande porsjonar. Eg er ikkje glad i oppskrifter med lange ingredienslister og kompliserte framgangsmåtar, der eg må sjekka heile tida kva som skal i og om eg har huska å gjera alt. Derimot likar eg oppskrifter der ingrediensane er i bestemte forhold…

Nyt våren – med rabarbra

Korleis lage noko godt med rabarbra og samtidig nyte ein fantastisk vårdag ute? Jo, du ventar til sola nesten har gått ned, tek denne superenkle smuldredeigen og lagar ein smuldrepai med rabarbra. Oppskrifta er sterkt inspirert av ein god kollega, men som vanleg må eg fiksa litt på oppskriftene sjøl. Eg hadde ikkje brunt sukker…