Henjatunet. Mat frå Sogn. Smakebitar.

Mens me ventar på at boka kjem frå trykkeriet og ligg klar i bokhandelen, kan me kosa oss med denne  desserten som er som skapt for fine haustdagar. Lett å laga, lett å lika og med råvarer som dei fleste toler og får tak i . Dette er ingen revolusjonerande ny rett, men Henjatunet sin…

Mitt beste førjulstips er å gjere det enkelt

Det er så altfor mykje styr og stress i førjulstida, og eg strevar for ikkje å bli riven med av det. Eg har berre lyst til å gle meg til jul. Gle meg til det lyspunktet som den representerer i den mørke vinteren, vona på gode dagar med familien og at alle skal ha det…

Hylleblomsten er her – hent inn sommarsmaken!

No blømer hyllen. Eg er så heldig å sjå rett ned på eit felt med blømande hyll, der hylleblomsten med sine kvite skjermar lyser opp det mørkt grøne bladverket. Du finn han óg forvilla over store deler av landet, så ser du deg litt rundt no, er det store sjansar for at du oppdagar ein…

Vårlig 17.mai dessert

I dag fekk eg lyst til å henta fram ein tradisjonsdessert som prisar både våren og nasjonaldagen vår. Eg fann oppskrifta under arbeidet med  Ta Kaka,  i ei kokebok mamma hadde på husmorskulen tidleg på 50 – talet. Eg vil tru at desserten vart til nettopp i gleda over at våren kjem med ferske smakar og at…

Sitronterte (på) ein-to-tre

Mi matlaging  handlar ofte om å forenkla og  å dela opp det eg skal gjera i  passsande porsjonar. Eg er ikkje glad i oppskrifter med lange ingredienslister og kompliserte framgangsmåtar, der eg må sjekka heile tida kva som skal i og om eg har huska å gjera alt. Derimot likar eg oppskrifter der ingrediensane er i bestemte forhold…

Nyt våren – med rabarbra

Korleis lage noko godt med rabarbra og samtidig nyte ein fantastisk vårdag ute? Jo, du ventar til sola nesten har gått ned, tek denne superenkle smuldredeigen og lagar ein smuldrepai med rabarbra. Oppskrifta er sterkt inspirert av ein god kollega, men som vanleg må eg fiksa litt på oppskriftene sjøl. Eg hadde ikkje brunt sukker…

Vår – med ein smak av sommar

Så var våren her, endeleg! Sjølv om det har vore kaldt og ikkje noko drivande ver, måtte eg prøva rabarbraen alt i forrige veke. Dei første få stilkane måtte nesten gravast fram, det var fint lite som stakk opp for berre nokre dagar sidan. Eg måtte på bygda og tigga stilkar for å få nok…

Bærsalat

Etter at dei siste lagringsepla  har takka for seg og rabarbraen enno ikkje har komme seg opp av vinterdvalen, er det lite å henta ute av friskt følgje til desserten. Kanskje du heller ikkje har fått hermetisert noko i haust. Då har eg dette tipset om du vil servera noko søtt og friskt, saman med…

Italiensk marengs

Strengt tatt er ikkje dette ein dessert i seg sjølv, men ein viktig «byggestein» til fleire dessertar. Uten denne kan du ikkje laga min heimelaga vaniljeiskrem eller eplesorbéten av Gravenstein. Det kan verka komplisert å laga denne første gangen, men det er faktisk ganske lett, berre ein er nøyaktig og varsam. Dette er ikkje noko…

Crème Brûlée

Ein sikker vinnar som avslutning på måltidet! Her blir han laga med stjerneanis som smakstilsetjing og avkjølt heilt før servering. Det beste er då å gje han eit lite dryss av uraffinert sukker og la han få nokre minutt  under grillen før servering. Men pass på, grensa mellom passe og litt for mykje grilla er…

Panna cotta

Ofte er det lurt å henta inspirasjon utanfrå. Denne klassiske desserten kunne godt vore norsk, av og til let vi som han er det og kallar han fløytepudding. Men han stammar frå Italia og namnet betyr kokt fløyte. Med litt sukker, sitron og vanilje blir «kokt fløyte» utruleg godt. Prøv han med ei god flaske…