Chips av svartkål

Har du prøvd å lage chips av grønnkål? Då bør du prøva å laga av svartkål, som er gourmetvarianten av grønnkål. Han blir også kalla toscansk grønnkål, sidan det er i Toscana i Italia han har sitt opphav. Men han let seg fint dyrka her heime også, noko heldigvis fleire har oppdaga. Du kan fint dyrka han sjølv i ei plantekasse eller du kan spørja etter han på nærmaste jordbrukskule sitt gardsutsal, som til dømes hos Sogn Jord og Hagebrukskule. I velassorterte grønsaksdiskar bør han òg vera å finna.

Du treng:

  • Fine blad av svartkål
  • Olivenolje
  • Fingersalt
  • Nykverna pepar
  • Parmesan eller vellagra og tørr kvit geitost, til dømes den frå Underdal

Slik gjer du:

  • Bland nokre spiseskeier god olivenolje med litt fingersalt og nykverna pepar. Gni blada inn med denne blandinga, eller pensle tynt på begge sider av svartkålblada.
  • Legg dei på ei steikeplate.
  • Riv osten heilt fint og dryss over svartkålblada.
  • Bak på 100 grader i ca 1 time. Følg med på konsistensen undervegs, dei skal bli heilt sprø.

Tips:

Den passar veldig godt saman med ei nylaga soppsuppe, som denne kantarellsuppa. Eller nyt chipsen som han er, i staden for eller saman med anna snacks når du har lyst på noko godt.

Får du ikkje tak i svartkål, kan du bruke grønnkål. Pass berre på at den blir fortare ferdig, sidan blada er tynnare.