Créme Brûlée

Til 10-12 personar

  • 500 g melk
  • 500 g fløyte
  • 200 g sukker
  • 4-5 stk heil stjerneanis
  • 240 g eggeplomme = ca 12 eggeplommer
  • Varm mjølk, fløyte, sukker og stjerneanis opp til kokepunktet og ta av plata.
  • Pisk lett saman eggeplommene.
  • Hell den varme fløyteblandinga i egga under kraftig røring. La stå ei stund før siling og fordeling i porsjonsformer. La stivne i ovn på 100 grader i ca 1t 15 min, eller på 90 grader i  varmluftsovn i ca 45 minutt .
  • Avkjøl. Grill med uraffinert sukker før servering.

Tips:I denne oppskrifta er det viktig å vege ingrediensane. Det er forskjell på storleiken på eggeplommer, og for å få den perfekte konsistensen og smaken på denne desserten, må det vere rett forhold mellom mjølk, fløyte og eggeplommer.

Advertisements