- 500 g moreller, kirsebær eller plommer
- 2 ss mjølkefritt smør eller vanlig smør
- 4 egg
- 125 g sukker
- 60 g mandelmjøl eller kveitemjøl
- 2,5 dl havre- , ris – eller soyamjølk, evt vanlig mjølk
- melis til dryss
- Smør ei eldfast form og legg frukta i. Spar halvparten av smøret.
Visp saman egg og sukker, sikt i mandelmjølet og bland til slutt i mjølka. Hell røra over frukta og topp med bitar av smør og eit dryss med melis. Steik på 200 grader i ca 45 minutt.
Et desserten lunka. Den er god aleine og med litt creme fraiche, vispa fløyte eller iskrem.