Frukt i mandelrøre

Denne kakedesserten er min versjon av den franske Clafoutis. Men eg brukar mandelmjøl som både gjev ein spanande smak og konsistens, samtidig som desserten vert tilpasssa alle dei som ikkje toler gluten. I denne oppskrifta har eg også teke omsyn til dei som ikkje toler mjølk.

  • 500 g moreller, kirsebær eller plommer
  • 2 ss mjølkefritt smør eller vanlig smør
  • 4 egg
  • 125 g sukker
  • 60 g mandelmjøl eller kveitemjøl
  • 2,5 dl havre- , ris – eller soyamjølk, eller vanlig mjølk
  • melis til dryss
  • Smør ei eldfast form og legg frukta i. Spar halvparten av smøret.
  • Visp saman egg og sukker, sikt i mandelmjølet og bland til slutt i mjølka. Hell røra over frukta og topp med bitar av smør og eit dryss med melis.
  • Steik på 200 grader i ca 45 minutt.
  • Server desserten lunka. Den er god aleine eller saman med litt creme fraiche, vispa fløyte eller iskrem.

Tips: Sjølvsagt blir desserten god med kveitemjøl også, vi skal ikkje undervurdera den franske matlagingskunsten. Og heilt vanleg smør og mjølk kan godt brukast, dersom du ikkje har noko matomsyn å ta. 

Tips. Sukkeret kan godt vera av typen uraffinert rårørsukker eller  kokosblomstsukker, hvis du vil gjera desserten endå litt sunnare og faktisk samtidig også meir smakfull.